lindaogrebekka - To jenter om livet på sandane



SKREVET: 19.04.2012 / KLOKKEN: 00:13


åh, då var medietentamen over for denne gang. Var deilig å få det bort i frå tankane, og no gjenstår det bare ein skuledag før det blir langhelg. Med meg gjekk det utruleg bra på tentamenen, mykje betre enn eg hadde trudd. Feira litt etter skulen med nokon søte jenter, taco, cola, og nåke rart noko til dessert!

her er ein liten smakebit på det eg lagde på tentamen.

 




SKREVET: 16.04.2012 / KLOKKEN: 10:51


Åh, veka starta med å stå opp klokka 5 for å komme seg innover fjorden igjen. Idag var det klart for medietentamen. Den varer fram til onsdag så det blir spennande å sjå kva eg får ut av det!

Eg kom opp i grafisk design, og det blei eg veldig glad for. Oppgava var også egentlig heilt grei.
Rebekka kom opp i foto forresten!




SKREVET: 15.04.2012 / KLOKKEN: 22:54


Åh, har fått heilt dilla på instagram no. Er så mange flinke folk der itillegg til venna og sånn! Følg meg på instagram; "Linda Myklebust".
Gleda meg sånn til å få en ny iphonen 4s snart, etter å ha ødlagt 4'eren som eg hadde har eg virkelig savna å ha iphone. Har måtta nøya meg med ein gamal nokia, lite kult. I tillegg då får eg oppdatert instagrammen min oftare enn bare i helgane når eg får lånt mamma sin ipad, så det blir deilig!

 

Har du instagram? Kva er ditt brukernavn?




SKREVET: 14.04.2012 / KLOKKEN: 01:07


Endeleg er det helg. Fekk god velkomst av den skjønnaste hunden i verda når eg kom inn døra idag.




SKREVET: 12.04.2012 / KLOKKEN: 13:59


Då var vi tilbake på skulen og blei møtt med tusen prosjekt og innleveringar.

Her er nokre fotballbilder vi har tatt  til ein fotoserie:

 




 

Og så har eg sjølvsagt tegna enda meir:







SKREVET: 08.04.2012 / KLOKKEN: 12:35


No er ferien snart slutt! Kjenner eg ikkje er heilt klar for skule etter 3 veker uten..

Ferien her heime har i alle fall vore kjempekjekk! Har for det meste jobba, tegna og vore med gode venner som eg ikkje har mulighet til å sjå så ofte som eg kunne ønske.

 

Her er litt bilder frå ferien:

 

Kortskalle med Magnus, Hanna, Niko og Viljar. Kos!



 

Så har eg tegna ein del i løpet av ferien! Her er nokre skisser:







 

Kva har du gjort på i ferien?




SKREVET: 04.04.2012 / KLOKKEN: 16:15


Nyter påskeferien heime! Har ikkje så mykje å gjør på eigentleg, men har veldig lyst å stå på slalåm en dag før ferien er over så det må eg få til...

Idag har eg (endlig) fått sove så lenge eg klarte, var skikkelig deilig. Er lenge sida sist eg kunne det, i og med at eg har jobb kver helg ogsånn! Eg har også vore på besøk med herlige Emilie, og ho gav meg eit påskeegg fylt med snop:





Blei ca så glad:

 

Har du ein fin ferie? Har du fått eit påskeegg, eller laga eit sjølv?




SKREVET: 01.04.2012 / KLOKKEN: 19:20


Idag har eg gjort veldig lite men har jobba, irritert meg over at blogg.no ikkje har fungert og laga pai, faktisk. Har aldri laga pai før, så var litt spent på resultatet og sånn blei det:

 

Så no er det rydding av rommet mitt som står på tur, æsj. Er det kjedligeste eg veit om, men det er så deilig etterpå!



 

KVA SKAL DU I PÅSKA?




SKREVET: 27.03.2012 / KLOKKEN: 23:35


 


01: Å reise. Oppdage nye steder, å bare glømme alt heime.
02: Stjernehimmel.
03: Latter. Å få latteranfall, le til du mistar pusten, til du får vondt i magen, til du tårene renner.
04: Rein samvittighet.
05: Fine meldinger når ein minst venter det, å bli sittende å smile som en idiot til mobilen.
06: Å sjå nokon du har savna igjen.
07: Folk som lukter godt.
08: Gode klemmer.
09: Å sovne med eit smil om munnen.
10: Sjokolade.

11: Når ein endeleg kjem på det ein har glømt.
12: Når nåken fortel deg at du er flink til nåke.
13: Å våkne av seg sjølv og vere utkvilt.
14: Kakao med marshmallows etter å ha vore ute i kulda.
15: Å ha noko å glede seg til.
16: Å føle at nokon treng deg.
17: Såpebobler.
18: Julestemning.
19: Når du på enden av dagen kan si det har vore ein fin dag.
20: Spontanhet. Bare gjøre noe i nuet, å bare å en ide og gjennomføre den uten å tenke på konsekvenser.
21: Pepsi max
22: Gå turer på en sti hånd i hånd uten forstyrrelser.
23: Nydusjet i rene sengklær.
24: Når du møter en ny person, og praten bare går og går.
25: Når man glemmer tiden fordi man har det kjekt.
26: Kyss.
27: Frokost på senga.
28: Helg.
29: Følelsen etter trening.
30: Gjennomføre nåke man er redd for.
31: Snille venner som bryr seg.
32: Høstfarger.
33: Sommerfulger i magen.
34: Folk som smiler.
35: Å føle lykke.







SKREVET: 27.03.2012 / KLOKKEN: 21:42


Idag var eg og Johanne i Oslo og såg The Hunger Games på kino. Den var bra, men litt rar. Så blei eg litt skuffa over at Liam Hemsworth ikkje var med meir enn eit par minutt, menmen.

No skal eg kose meg med dei to siste episodane av Paradise Hotel og Frustrerte Fruer.

 








SKREVET: 25.03.2012 / KLOKKEN: 21:06


Well well, hello there...

Stikker bare innom for å fortelle at det har vore ei finfin helg med fintfint veir.

 

 


Og at nå er det bare ei veke igjen av praksis, og uansett kor kjekt eg har det på praksis så blir det deilig ferie. Så vil eg nevne at eg savna Rebekka veldig mykje no, og vi er ikkje komt halvveis til vi sjåast igjen engang. Haha, sånn går det...

Håpe dokke alle har det bra og har hatt en fin helg!




SKREVET: 25.03.2012 / KLOKKEN: 15:47


Nok ein dag i Oslo med skyfri himmel og masse sol! Idag har eg vore ute å trent, og så har eg sotte ute i sola og skissert. No sit eg på hotellrommet og tegner i Photoshop. Koser meg!

 




Skisser som eg skal tegne i photoshop seinare.




SKREVET: 23.03.2012 / KLOKKEN: 20:06


Då var første praksisveke ferdig! Den veka har vore fantastisk og eg gledar meg til neste veke. Men no skal eg bere kose meg i helga på hotell. Åå, så eg elskar å bu på hotell. Så skal eg sjå meg opp på alle seriane eg har gått glipp av i veka. Gossip Girl, Paradise Hotel, Frustrerte fruer, Greys anatomy, og ikkje minst, the Vampire Diaries!

Idag har eg sett litt sånn:

 

og sånn ut:

 

Så fekk eg lov til å låne Roger si Louis Vuitton-veske for helga! Og det var jo max fantastisk!!

 

Når eg kom til Oslo satt eg meg på ein Kafé og skissa litt i skisseboka mi. Gøygøy!

N


Kva har du gjort på idag?




SKREVET: 22.03.2012 / KLOKKEN: 22:53


Idag har eg laga visittkort. Det var kjempekjekt, og eg blei svært fornøgd med resultatet:

 

 

Det er så lærerikt å jobbe her, og eg ser veldig fram til enda ei veke hos Roger!

 



Så vil eg bere sei til Linda, at eg savne deg masse! Håpa du har det kjekt på praksisen din. Kysskyss!




SKREVET: 21.03.2012 / KLOKKEN: 21:31


Idag har det vore heilt nydeleg vær, så då for vi til Oslo for å gå i kunstgalleri. Det var kjempespennande og inspirerande. Trur vi var på 5 kunst og fotoutstillinger i alt.

 

Det er så fantastisk deilig å gå ut uten å fryse eller trenge jakke! Elsker sol!



Her var vi på ei utstilling med bilder som Pushwagner har laga. Kjempestilig!


 




SKREVET: 21.03.2012 / KLOKKEN: 21:12


Heihåå!

Har ei egentlig ganske grei veke. Driver med spennende ting. Er utplassert og der leika litt journalist, det har endt med ditta i avisa:

 

 

I dag har eg for det meste såtte litt sånn:

 

og litt sånn

 

og forann dataskjermen å skrive, eg syns det er spennande og kjekt å drive med journalistikk! Kanskje det er det eg skal satse på?

Kva gjør du på for tida?




SKREVET: 20.03.2012 / KLOKKEN: 21:29


Har det veldig bra her i Oslo. Syns det er kjempespennande å jobbe med grafisk design og å lære om alle moglege designera og stilar. Eg har brukt ein del tid på å sjå gjennom fashionblad for å finne inspirasjon og forskjellege stilar osv. Idag har eg laga forslag til ei brosjyre og eit veiskilt. Kjempemoro!


Han eg jobber for har uendeleg med inspirerande magasin. Så eg kosar meg på kveldane med blad og research.



Finfine armanitøfla!

 

Det er veldig fint å jogge her på Bygdøy. Men med min mangel på retningssans, klarte eg sjølvsagt å rote meg vekk begge gongane eg har vore ute å trent. Så over halvparten av tida har gått i å leite etter vegen tilbake.





Ser fram til to spennande veker med masse kreativt arbeid. Elska det!




SKREVET: 19.03.2012 / KLOKKEN: 19:12


Åh, eg har hatt ei veldig fin helg! Jobb, familie, musikal og venna, skal ikkje klage. Har også tatt meg tid og råd til å kjøpe meg nåken nye kle, dei ser litt sånn ut:

 



Denne veka og neste er eg utplassert i avisa, det virka veldig spanande og kjekt. I tillegg så får eg tilbringe 3 veker heime i måløy no før det er inn på hybelen igjen. Merka eg savna litt å vere der inne, men er godt å vere heime også!




SKREVET: 18.03.2012 / KLOKKEN: 22:08


Då var eg endeleg på plass i Oslo! Eg skal jobbe og bu hos Roger Norheim i to veker, og det høres ut som det blir kjempespennande og lærerikt.

 

Sålangt har eg fått lest i fashionmagasin for inspirasjon og fått terpa på kor fantastisk Karl Lagerfeld er. Bur i ei leilighet som er stappa i Karl Lagerfeld. Fantastisk!

 




Eg såg filmen Ever After på bussen. Det er helt klart yndlingsfilmen min!






Imorgon skal vi ned til Oslo og sjå på moteblad for å finne trender og inspirasjon. Så blir det mykje grafisk design.

Dette blir bra!




SKREVET: 18.03.2012 / KLOKKEN: 00:44


Ikveld har vi laga grønnsakspai og kost oss med filmen Pearl Harbour. Kjempekoselig!

 









SKREVET: 17.03.2012 / KLOKKEN: 17:37


Denne helga er eg i Førde saman med Hanna og Marlene. På søndag reiser eg vidare til Oslo for å jobbe i praksis, og skal vere der i 2 veke. Det gledar eg meg kjempemasse til!

 



 Koseleg grautmiddag med bestevennane.

Resten av dagen trur eg vi berre skal slappe av, sjå på TV og laga grønnsakspai til kvelds. Er så kjekt å ha ei heil helg med vennindene som eg ser så altfor sjelden!

 

Kva skal du denne helga?




SKREVET: 13.03.2012 / KLOKKEN: 22:19


Idag var vi på tur i regnværet og tok bilder til ei fotooppgåve vi har. Vi tek begge bilder med utgangspunkt i ein person som spiller fotball.

 




No skal vi ha overnattingskos med Paradise Hotel.

 

Kva har dykk gjort idag?




SKREVET: 13.03.2012 / KLOKKEN: 13:52


 




SKREVET: 12.03.2012 / KLOKKEN: 22:19








Åh, idag har vi vore ute å gått ein lang tur i regnveiret! Det var utruleg deilig med litt frisk luft for ein gongs skuld. Tok også med oss kamera og tok nokon bileter. Det var faktisk kjempe kjekt å få bevegd beina litt, noko ein ikkje får gjort så mykje av iløpet av skuledagen når ein går media.




SKREVET: 12.03.2012 / KLOKKEN: 22:09


HEH, har familiekveld! Meg, Rebekka, Tinga og Klubbe, kosleg.

 

Jaa.. vi er litt søte.

 

 




SKREVET: 12.03.2012 / KLOKKEN: 21:49


Denne helga har vore svært kreativ. Eg har jobba lenge med dei digitale tegningane mine og vanlege papirtegningar. No er eg endeleg ferdig med ei digital tegning eg har jobba med i eit par månadar og er veldig fornøgd med resultatet!

 


Og her er ein bil eg tegna i farta.

 

Trur eg har bestemt meg for å studere kunst faktisk! Men har ikkje bestemt meg for om det blir i digital form eller vanlig kunst. Så no jobber eg på spreng for å få til ein portfolio.

 

- Rebekka

 

Kva syns du? :)




SKREVET: 12.03.2012 / KLOKKEN: 21:47


Veninne, lekser, jobb og familie. Det oppsummerer helga mi ganske greit. Det har vore ei fin helg, og eg gledar meg allereie til neste.

 

Åh, mekka sammen nåke hærleg til kvelds på lørdag; cottage cheese, skogsbær og vaniljesaus. Anbefalast!

 

 

Var heilt klar for ei ny veke no, og gledar meg til lysare tider, noko vi har fått nokon små smakebitar på i forje veke.

Ha ein fin kveld!




SKREVET: 25.02.2012 / KLOKKEN: 19:46


Feriar går alltid for fort. Det gjeld denne også. Har jobba kvar einaste dag så å blogge har ikkje komt først i rekka. I vertfall ikkje før Vampire Diaries, som både eg og Rebekka har blitt heilt hekta på! Og no er der sjølvsagt ikkje fleire episoder ute før 15.mars...typisk!

 

Damon fra Tha Vampire Diaries!

 

Har tatt meg fri frå jobb no i helga, va deilig og få kunne sove så lenge eg klarte for ein gongs skuld i ferien. Har også fått tid å laga sjokoladekjeks. Namnam!

 





Kva har du gjort i ferien? Og har du ein serie å anbefale?




SKREVET: 19.02.2012 / KLOKKEN: 14:46


Då var det endeleg ferie! Eg kosar meg heime i Bulandet med gode venner og familie. Er skikkelig deilig å ha ferie og kunne ta meg tid til å tegne og jobbe på bildene eg har haldt på med lenge no.



Idag var eg på joggetur rundt Bulandet i max haglevær. Ansiktet mitt var mørbanka når eg kom heim igjen...

 

No har eg akkurat vore ute å filma bølger og litt forskjelleg. Skal prøve å lage ein liten dokumentar om Bulandet. Resten av dagen skal eg vere med Hanna, og så skal eg prøve å få tid til litt digital tegning seinare på kvelden.

 

Kva skal dykk i dag?




SKREVET: 16.02.2012 / KLOKKEN: 00:10


Idag har vår kjære klassekamerat Sondre 18årsdag! Det feira han med alle i klassa på tacokveld.

 








Fine bursdagsbarnet i slips!












SKREVET: 11.02.2012 / KLOKKEN: 22:20


åå, så kjekt det var å komme heim til Bulandet igjen etter 3 veke på Sandane. Idag har vi hatt familiebesøk og ete fastelavensbolla. 

No ser eg og broren på American pie, og et cottage cheese og epler til kvelds. Syns dei filmane er hysterisk morsomme!

Resten av helga skal gå i å lese til prøve. Har prøvd å lese til prøve utallige gonga i dag, men har faktisk sovna kver einaste gong så det har ikkje gått så bra med øvinga.







SKREVET: 10.02.2012 / KLOKKEN: 13:56





Igår lagde vi vårrullar til middag, det er ein av rettane vi faktisk er flinke til å lage. Blir så utruleg godt kvar gong. Vi hadde dekt fint på og det var veldig koseleg. Blei iPhone bilder i dag iogmed at ingen hadde kamera som var oppladda.

No blir det helg, og vi skal endeleg heim etter to lange veker på sandane. Skal bli godt å komme litt heim også.

Kva skal dykk i helga?




SKREVET: 09.02.2012 / KLOKKEN: 10:33


Åh, vi har så mykje å gjer på skulen for tida. Det går fortsatt i film. Vi held på å klippe og redigere filmar. Dei skal vere klare til i måra, så det er mykje stress.



Når filmane er levert inn i måra blir det mykje meir tid til blogging.

Kva har dykk gjort i det siste?




SKREVET: 06.02.2012 / KLOKKEN: 12:26


Slik har helga vår sett ut:

S














SKREVET: 03.02.2012 / KLOKKEN: 21:28


Idag har vi vore på restaurant og ete middag og kosa oss. Der åt vi kvar sin rullekebab.

Etter masse diskusjoner om kva antrekk vi skal gå med på MGP imåra, slappar vi av med thevoice på TV.






SKREVET: 03.02.2012 / KLOKKEN: 07:23


God morgon!

Idag skal vi ha heildagsprøve i norsk og det gledar vi oss sjølvsagt til.

 





Håper dykk får ein fin dag!




SKREVET: 01.02.2012 / KLOKKEN: 12:58


Som dykk sikkert har skjønt så går eg og Linda på Medier og Kommunikasjon 2 klasse. Vi trivst svært godt her og gledar oss til å gå enda eit år.

Mi hovudinteresse innanfor media er illustrasjon og grafisk design, mens Linda interesserer seg mest for foto.

På media lærer vi bl.a. dette; Foto, grafisk design, lyd, webdesign, film og journalistikk. Vi har heile tida eit eller fleire prosjekt å jobbe med og har sjelden reine teoritimar. Vi har teoribøker i alle tema, men har eigentleg ikkje undervisning i det, så det er lagt opp til at ein må lese ein del sjølv i tillegg til det ein lærer på skulen.

 

 

Mats, Meg og Tore foran Firda vgs og klasserommet vårt.

 



Vi er på praksis i to veker både i første og andre klasse. I fjor var både eg og Linda på praksis hos Inform Media i Førde, som du ser her på bildet. Der jobba vi med å laga logo og diverse for Jølstratunet og så laga vi ein del annonsar for forskjellige kundar. Det var veldig lærerikt og kjekt. Men reknar med det blir lenger vekk og større bedrifter på begge i år.

 



Medier og Kommunikasjon 3 klasse ved Firda vgs arrangerer kvart år Qfilm-festival, med hjelp av 2 klasse. Så til høsten igjen er det vår tur å arrangere, så det blir verkeleg spennande. I fjor var eg på gruppa som laga QFilm-nettsida, og laga mesteparten av designet saman med Mats, mens siste mann på gruppa laga alle funksjonane. Linda var med å laga Qfilm-magasinet.

 


Her er eit bilete fra ein kveld eg og Linda jobba med Prosjekt til Fordjuping. Eg hadde ei oppgåve der eg lage ein slags reklamefilm om moteklær, medan Linda hadde i oppgåve å ta portrettfotografi. Alltid kjekt med sånne kvelda, masse sminke og pynting og photoshoot og sånt. Kjempekoseleg.

 




SKREVET: 31.01.2012 / KLOKKEN: 17:40


Eg(Linda) tenkte eg skulle legge ut noko av arbeidet eg har gjort, eg har valgt å vise dykk nokon bileter eg tok i samanheng med PTF (prosjekt til fordjupning). Eg er fornøyd med karakteren eg fekk sjølv om eg ser ting eg endra på, men her er resultatet:



 





Modell: Johanne




SKREVET: 30.01.2012 / KLOKKEN: 22:12




Idag var vi i avisa på grunn av at vi skal til MGP i Florø og vere med å sjå på produksjonen og ein tur på scena og golden circle der vi skal gjøre noko vi ikkje heilt veit endå. haha. Sendinga skal gå direktesendt på tv på lørdag på NRK, og to repriser på søndag. Blir spanande! I tillegg skal vi få omvisning for å sjå kva som skjer bak kameraene og på forberedninga til eit sånt show. Vi både gledar og gruar oss veldig.

 

Skal du på MGP? Eller skal du sjå det på tv?




SKREVET: 30.01.2012 / KLOKKEN: 19:16


Idag klarte vi ikkje å ta eit einaste brukande bilde av oss, så får bruke gamle. Idag har vi vore i særdeles godt humør og fnist oss gjennom absolutt heile dagen. Så idag har vi sett omtrent sånn ut:

 





Linda, Meg og vår fine klassekamerat, Ole.

 

Er verkeleg ikkje heilt unormalt at eg og Linda får kjeft for å le og fnise alt for høgt i klasserommet midt i timane, hehe.

Ellers så driv vi fortsatt på med filmarbeid. Linda har vore på skulen sida idag tidleg og held fortsatt på, mens eg fekk gå heim sida eg var med å jobbe absolutt heile helga.








hits